01

Når kupongen ikkje passar

Korleis vi lanserte ein ny byttefunksjon for kuponger der 87 % av brukarane opplevde flyten som enkel

Rolle

UX Designer

Selskap

Coop Norge SA

Lengde

Nov 25-Aug 26

Team

Team:

5 pers

Eigde designprosessen frå problemdefinisjon til utrulling, med ansvar for MVP, testing, vidareutvikling og animasjonar/mikrointeraksjonar. Jobba tett med designarar, utviklarar og produktleiar, og brukte brukarinnsikt og produktdata til å prioritere vidare designgrep.

Bakgrunn

Kuponger er ein veldig populær funksjon i Coop-appen. Samtidig passar ikkje alle personlege kupongar like godt til det brukaren faktisk handlar.

Bytt kupong blei utvikla for å gi medlemmene meir fleksibilitet ved å la dei byte ein kupong dei ikkje ønskjer, mot eit anna alternativ.

Medlemmene kan gjere opptil tre bytte per kampanjeperiode, så det var viktig at det var enkelt å forstå både kva ein kunne byte til, og kor mange bytte ein hadde igjen.

Frå konsept til MVP

Før vi bygde MVP-en, brukertesta vi konseptet for å forstå førsteinntrykk, generell interaksjon og kor lett det var å oppdage og forstå Bytt kupong. Innsikta frå testane brukte vi til å justere løysinga før utrulling.

Etter utrulling fekk vi eit tydeleg signal på at sjølve bytteflyten fungerte. I ei spørjeundersøking med 13 000 svar oppgav 97 % at det var enkelt eller veldig enkelt å byte.

Samtidig avdekte tilbakemeldingane eit anna problem: Brukarane var usikre på kva som eigentleg skjedde rundt byttet:

  • Kor mange bytte har eg igjen?

  • Kva kan eg byte til?

  • Er byttet faktisk gjennomført?

Det blei derfor tydeleg at vi ikkje trong å gjere sjølve flyten meir avansert. Vi måtte heller gjere valet og resultatet av byttet meir forståeleg og trygt.

Frå MVP til vidareutvikling

Med utgangspunkt i innsikta prioriterte vi endringar som kunne redusere usikkerheita utan å endre sjølve flyten.

Vi gjorde det tydelegare:

  • Frå → til
    Kva kupong du gir frå deg, og kva du får i staden.

  • Byte igjen
    Kor mange byte du har tilgjengeleg.

  • Alternativ og reglar
    Kva du kan byte til og kva som gjeld for byttet.

  • Vi brukte også animasjonar og mikrointeraksjonar for å gi tydeleg tilbakemelding når byttet var gjennomført.

Utrulling og validering

Vi starta med å rulle ut løysinga til 50 % av medlemsbasen, slik at vi kunne følgje med på bruk og tilbakemeldingar før full utrulling.

I den vidare utrullinga samla vi over 56 000 svar frå brukarane. Blant dei som hadde prøvd funksjonen, svarte rundt 87 % at løysinga var enkel eller svært enkel å bruke av dei som hadde prøvd den.

Tilbakemeldingane gav oss også innsikt i kva som skapte verdi – og kva som framleis kunne bli betre.

Resultatet

Bytt kupong blei etter kvart ein funksjon i stor skala, med 3,86 millionar visningar, 433 000 unike brukarar som bytta og over 1 million gjennomførte bytte.

Vi fekk også eit tydeleg signal på at funksjonen hadde verdi: 85 % oppgav at dei ville blitt skuffa dersom Bytt kupong forsvann.

Samtidig viste tilbakemeldingane at den største moglegheita vidare ikkje låg i sjølve bytteflyten, men i relevansen i alternativa.