01
Frå uklare tal til tydelegare medlemsverdi
Korleis vi gjorde informasjonen om kjøpeutbyttet tydelegare for 2 millionar medlemmer på fire veker.
Rolle
UX designer
Selskap
Coop Norge SA
Lengde
4 uker - 2024
7 pers
Ansvar for innsikt, prioritering, konsept og UX/UI.
Bakgrunn
Kvart år får over to millionar Coop-medlemmer utbetalt kjøpeutbytte basert på handelen sin gjennom året. Samtidig såg vi at fleire var usikre på kva dei faktisk fekk utbetalt.
«Totalt spart» viser den samla verdien av det medlemmet har spart gjennom året, inkludert kjøpeutbytte og andre medlemsfordelar. Når denne summen blei samanlikna med den faktiske utbetalinga, kunne det oppstå forventningar om eit høgare beløp enn det medlemmet fekk.
Utfordringa var å løfte fram kjøpeutbyttet i utbetalingsperioden, utan å tilføre meir innhald eller gjere opplevinga meir kompleks.
Tre funn som endra retninga
Brukarundersøkingar, intervju og kvantitativ data vart kombinert for å forstå kvar utfordringane låg.
Medlemmene ville sjå kva dei faktisk fekk:
Innsikt frå undersøkinga av widgetane viste at medlemmene ønskte å sjå det dei faktisk mottok, framfor berre kor mykje dei hadde spart.«Totalt spart» kunne skape feil forventningar:
Frå førre kjøpeutbytteperiode såg vi at fleire medlemmer forventa ein høgare utbetaling enn dei faktisk fekk.
Tidlegare brukarintervju om «Totalt spart» peika i same retning.Medlemskontoen var vanskeleg å finne:
Inngangen til medlemskontoen låg under Hjelp på «Totalt spart»-sida.Desse funna gav oss tre tydelege område å jobbe med:
Synlegheit, forståing, navigasjon
Små grep i staden for ein større redesign
Med berre fire veker til kampanjen prioriterte vi endringar som kunne gi effekt på synlegheit, forståing og navigasjon, samtidig som vi gjenbrukte eksisterande komponentar for å redusere utviklingsbehovet.
Tydelegare inngang
Redesign av widgete på framsida for å gi kjøpeutbytte ein tydelegare plass.Skilje mellom spart og utbetalt
Vi forenkla informasjonen i Oversikt over sparing og kjøpeutbytte for å gjere det tydelegare kva medlemmet faktisk fekk utbetalt.Informasjon når ho var relevant
Splash screen, kampanjekort og informasjonsboks gav fleire inngangar til kjøpeutbytte gjennom kampanjeperioden.Lettare tilgang til medlemskontoen
Vi flytta inngangen frå Hjelp til kjøpeutbyttesammendraget, utan å gjere uttak til hovudhandlinga.
Vi kunne ikkje løyse alt på fire veker
Større endringar i familieløysinga, plasseringa av kjøpeutbytte og e-postkommunikasjonen vart også vurdert. Desse kravde meir tid eller kom for seint i kampanjeperioden.
Ved å avgrense omfanget fekk vi dei viktigaste endringane ut før kampanjen.
Kva skjedde etter lansering?
Vi fekk fleire medlemmer til å finne fram til informasjonen. Besøka til den økonomiske oversikta auka til 59%, godt over målet på 35 %. Klikk på «Totalt spart» auka til 23 %, medan klikk til medlemskontoen auka til 13 %.
Samtidig rapporterte kundeservice ingen auke i henvendingar knytt til kjøpeutbytte, trass i at informasjonen fekk større synlegheit i appen. Det var eit positivt signal på at den auka eksponeringa ikkje skapte meir behov for hjelp.
Vidare arbeid: Funna frå kartlegginga gav eit godt grunnlag for å gå vidare med dei større områda vi ikkje rakk å prioritere i denne runden.




