01

Frå brevpost til digital søknad

Korleis vi strukturerte ein 240 siders søknadsprosess rundt brukarens behov.

Rolle

UX designer

Selskap

Statnett

Lengde

2020-2022

Team

Team:

6 pers

Ansvar for innsikt, struktur, UX/UI, prototyping og brukartesting i samarbeid med utviklarar, prosjektleiing, saksbehandlarar og fagmiljø.

Bakgrunn

Ein Fos§14-søknad er ei søknad til Statnett når ein konsesjonær skal bygge om, endre eller fjerne delar av kraftsystemet.

Prosessen var i stor grad manuell. Søknaden blei sendt via brevpost eller e-post, og krava til innhaldet var beskrivne i ein veiledar på rundt 240 sider. Behandlinga kunne ta opptil 24 månader, og manglande informasjon kunne føre til fleire rundar med avklaringar.

Statnett ønskte å digitalisere prosessen og gjere det enklare å sende inn riktig informasjon frå starten av.

Kartlegging

Vi kartla heile prosessen saman med saksbehandlarane, frå innsending til vidare behandling hos ulike fagmiljø.

  1. For søkjaren
    Det var vanskeleg å vite kva som måtte oppgjevast og kor detaljert søknaden måtte vere. Søkjaren måtte beskrive kva som skulle byggast, endrast eller fjernast, ned på komponentnivå.

  2. For Saksbehandler:
    Viktig informasjon mangla ofte, noko som førte til ekstra avklaringar og meirarbeid. Søknadene gjekk vidare til fleire fagmiljø, med ulike komponentar og tekniske krav avhengig av tiltaket

Frå POC til digital søknad

Vi starta med ein proof of concept som skulle gi betre oversikt over sakene.

Søkjarane kunne sjå status og innsendingsdato, medan saksbehandlarane fekk oversikt over dokumentasjon, kategorisering og planlagt prosjektstart. Det gjorde det lettare å sjå kvar saker stod fast og kva som mangla.

POC-en løyste utfordringane rundt innsyn, men ikkje sjølve søknadsprosessen.

Digitalisering søknaden

Dei neste halvanna åra arbeidde vi med å bygge opp sjølve den digitale søknadsprosessen. Utfordringa var å omsetje eit omfattande regelverk og mange tekniske krav til ein søknad som var forståeleg for søkjaren, og som samtidig gav Statnett den informasjonen dei trong i saksbehandlinga.

Vi bygde søknaden rundt ein komponentbasert simulering av kraftanlegget, der søkjaren kunne bygge opp tiltaket frå hovudkomponentar til underkomponentar og tekniske eigenskapar.

I tillegg fekk søkjaren tydelege steg, informasjon i kontekst, validering av manglar og status undervegs.

Resultat

Vi utvikla eit konsept for ein digital Fos§14-søknad som gjorde ein kompleks prosess meir strukturert for både søkjaren og Statnett.

POC-en gav betre innsyn i sakene, medan den vidare løysinga etablerte ein digital struktur for sjølve søknadsprosessen. Fos§14-løysinga var framleis under utvikling.

Ei eiga leveranse: Statnett Design Portal

Ved sidan av hovudprosjektet fekk eg ansvar for å strukturere og designe Statnett Design Portal, ei samleside for visuell profil, designsystem og utviklingsressursar.

Prosjektet blei gjennomført på éin månad i samarbeid med kommunikasjonsavdelinga og designsystemteamet.