01
Ein enklare veg ut i arbeidslivet
Korleis vi gjorde det enklare for jobbsøkjarar og jobbkonsulentar å samarbeide om karriere og oppfølging.
Rolle
UX Designer
Selskap
Fretex
Lengde
13 veker- 2022
4 pers
Eg hadde ansvar for UX-arbeidet frå kartlegging og strukturering til wireframes, prototyping, brukartesting og iterasjon.
Bakgrunn
Fretex Jobb og Oppfølging ønskte å utforske eit digitalt verktøy for kartlegging og oppfølging av jobbsøkjarar. Dagens arbeidsprosess var i stor grad basert på dokument og manuell oppfølging, og jobbsøkaren hadde ikkje tilgang til informasjonen i det interne systemet.
Målet var å utforske korleis ein digital løysing kunne gi betre samhandling mellom jobbsøkjar og jobbkonsulent.
Utfordringa
Då vi kartla arbeidsflyten, oppdaga vi at prosessen bestod av mange ulike dokument og Word-malar som måtte fyllast ut gjennom oppfølginga – både av jobbsøkjar og jobbkonsulent.
Informasjonen var spreidd på tvers av fleire steg, og jobbkonsulentane opplevde mellom anna dobbeltføring og lange prosessar. Samtidig hadde jobbsøkjarane svært ulike føresetnader når det gjaldt språk og digital kompetanse.
Kartlegginga viste også eit tydeleg skilje mellom behova til dei to brukargruppene. Jobbkonsulenten trong eit effektivt arbeidsverktøy for dokumentasjon og oppfølging, medan jobbsøkaren trong ei løysing som var enkel å bruke og gav betre oversikt og innsyn.
Dette gav oss tre tydelege behov:
Samle
Redusere behovet for å jobbe på tvers av mange dokument.Forenkle
Gjere prosessen enklare å forstå og gjennomføre.Tilpasse
Ta omsyn til at jobbsøkjar og jobbkonsulent har ulike behov.

Frå innsikt til prototyper
Dei eksisterande dokumenta og arbeidsflytane vart omsette til ein digital struktur, med wireframes og prototypar for å utforske ulike retningar og konsept.
Fretex hadde ingen etablert visuell digital retning eller designsystem. Den visuelle retninga måtte derfor utviklast frå grunnen av, med val knytt til fargar, typografi, komponentar, visuelt hierarki og interaksjon.
Gjennom prosjektet vart også brukarbehov konkretiserte og omsette til brukarhistorier, slik at innsikta kunne takast vidare i det framtidige systemarbeidet.
Det vart gjennomført tre rundar med brukartesting:
Struktur og navigasjon
Teste om oppdelinga gav meining.Innhald og planar
Teste korleis informasjon frå kartlegginga kunne brukast vidare for jobbkonsulentene.Jobbsøkaren
Teste mobil løysing, språk og forståing på jobbsøkere.
Etter kvar runde brukte vi funna til å prioritere endringar i neste versjon.
Resultatet
Frå eit sett med Word-dokument til eit testa og responsivt konsept for digital kartlegging og oppfølging.
Innsikta, prototypane og brukarhistoriene blei vidareført som grunnlag for det vidare arbeidet med systema.


